Teknologiselskapet Fossefall planlegg å byggje om det eksisterande datasenteret på Molandsmoen i Fyresdal til det selskapet omtalar som ein AI-fabrikk. Fossefall har om lag 60 millionar kroner i startkapital og har nyleg overteke Fyresdal Datacenter AS.
Planane er i ein tidleg fase. Selskapet arbeider no med nytilsetjingar, tomtekjøp og er i dialog med europeiske kundar som ønskjer å flytte databehandling til Fyresdal. Fossefall peikar på tilgang til fornybar kraft, og lokal vilje til å ta i bruk krafta til å skape ny industri og arbeidsplassar, som ein viktig føresetnad for satsinga i kommunen.
Datasenter blir ofte målt i effektuttak. I første omgang er anlegget i Fyresdal planlagt med ein kapasitet på 18 MW, medan Fossefall på lengre sikt har ambisjonar om større kapasitet. Til samanlikning er første trinn av Googles anlegg i Skien på 80 MW.
I ei pressemelding understrekar Fossefall at dette ikkje er eit tradisjonelt datasenter, men ei spesialisert løysing for å levere stabil og høgtytande datakraft til trening og drift av kunstig intelligens i stor skala. Verksemda stiller høge krav til stabil straumforsyning, kjøling, programvare og drift.